Når vibå e komen, og vårsolå blør
– over havet – ved bligredagsleitet;
då ungdommen vaknar – og barndommen dør;
og rett mange dei ynskjer – og veit det.
Ein held om ei ung og ei jentemjuk hand;
når han går heim frå helgenattsdansen.
Og guten ho leier er heit som ein brann,
men han fryse – i solrenningsglansen.
Og ingen veit heilt kvar dei gjere seg av,
for dei fotlette fara i snøen,
vert vaska av regn som sig inn i fra hav
– og snart skine det grønt over bøen.
Hald i handa mi du.
Hald meg tett innte deg.
Hald meg slik at eg kjenne eg leve!
Det kveldest så – etter ein vårvarme dag,
og foreldra spøre – og ber enn.
Men det bryr ikkje dei to som søve i lag
– og no sige det natt over jæren.
Slik ligge dei fredfullt og søve dei to
– dei som no er dei enaste rette –
– med hender som famnar, men ligge i ro
– dei er kvinne og mann etter dette-
Comentarios
Deja tu comentario: